Ved Avdeling for allmennvitskaplege fag er det frå 01.08.2011 ledig ei fast 100 % stilling for førsteamanuensis/førstelektor/høgskolelektor i moderne engelsk språk.
Avdelinga teller for tida ca.120 medarbeidarar. Stillinga er knytt til Institutt for kultur og humanistiske fag, og næraste overordna er instituttleiar. Arbeidsstad er for tida Bø.
Ved instituttet er det for tida omlag 30 undervisnings- og forskingsstillingar. Stillinga er knytt til Engelsk faggruppe som per i dag har fem vitskapleg tilsette. Faggruppa tilbyr emne på 100- og 200-nivå innanfor BA i språk og litteratur i eit omfang på 80 studiepoeng, og vil også vere involvert i masterstudiet i norsk og engelsk, fagdidaktisk retning, med planlagd oppstart hausten 2011. Faggruppa er også involvert i anna undervisning ved avdelinga og høgskolen.
Stillinga har primært ansvar for delar av språkundervisninga i engelsk, i fyrste rekkje grammatikk og fonetikk innanfor BA-graden og språkdidaktikk på det planlagde masterstudiet, samt for forsking innanfor feltet som stillinga omfattar. Stillinga vil vere knytt til avdelinga i Bø, men kan også bli tillagt undervisningsoppgåver ved andre studiestader. Engelskstudiet ved høgskolen er i utvikling, og det kan i tråd med dette bli aktuelt med endringar i ansvarsområdet for stillinga.
Søkarar må kunne dokumentere vitskapeleg kompetanse innan moderne engelsk språk. Vidare bør det kunne dokumenterast kvalifikasjonar innan eitt eller fleire av fagområda framandspråksdidaktikk, World Englishes og tekstlingvistikk. Vidare krevst det relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning og/eller undervisning og rettleiing. Det vert i tillegg lagt vekt på administrativ røynsle.
For tilsetting som høgkolelektor krevst det historisk-filosofisk eksamen av høgare grad (cand.philol./mastergrad) eller tilsvarande, samt relevante forskingskvalifikasjonar utover mastergrads- eller hovudfagsnivå og/eller relevant yrkespraksis. Søkarar som har forskarkompetanse vil bli prioriterte. Ein føreset pedagogisk kompetanse dokumentert gjennom minst ½ års praktisk-pedagogisk utdanning eller gjennom kortare kurs i høgskolepedagogikk og minst 1 års undervisningserfaring. Søkarar som ikkje har slike pedagogiske kvalifikasjonar, kan tilsettast med plikt til å kvalifisere seg innan 3 år.
For tilsetting som førsteamanuensis krevst i tillegg norsk doktorgrad på aktuelt fagområde eller tilsvarande utanlandsk doktorgrad godkjent som likeverdig med norsk doktorgrad eller kompetanse på tilsvarande nivå dokumentert ved vitskapelig arbeid av same omfang og kvalitet.
For tilsetting som førstelektor krevst dokumentert omfattande forskings- og utviklingsarbeid som i kvalitet og omfang tilsvarer arbeidsmengde og nivå for en doktorgradsavhandling. Spesielle kvalifikasjonar innanfor undervisning eller annen pedagogisk verksemd vil bli tillagt vekt.
Søkarar til stillinga som høgskolelektor, kan samtidig søke opprykk til førstelektor eller førsteamanuensis. Det må vera tydeleg uttrykt i søknaden om det søkast om opprykk.
Den statlige arbeidsstyrken skal så godt som råd gje eit bilete av mangfaldet i folkesetnaden. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn blir oppfordra til å søke stillinga.
Aktuelle søkarar vil bli innkalla til intervju, og må rekne med å halde prøveforelesing.
Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalet for faglege stillingar ved Høgskolen i Telemark.
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ. Stilling som førsteamanuensis og førstelektor, stillingskode 1011 og 1198, er plassert i lønssteg 57-71 for tida kr. 438.700 – 571.500 per år, høgskolelektor, stillingskode 1008 er plassert i lønssteg 46-64, for tida kr. 361.500 – 499.700, alt avhengig av ansiennitet. Frå løna går lovfesta innskot til Statens Pensjonskasse.
Nærmare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til studiekoordinator for engelsk, professor Peter Fjågesund, tlf. 35 95 26 32, e-post peter.fjagesund@hit.no, eller fung. instituttleiar Sven Arntzen, tlf. 35 95 27 41, e-post sven.arntzen@hit.no.
Høgskolen i Telemark brukar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber søkarar om å registrere søknaden sin elektronisk ved å klikke på lenka til høgre (”Send søknad”).
Søkjarar til stillinga skal vurderast av eit sakkunnig utval med tre medlemar. Kopi av søknad, cv, vitnemål, attestar og evt. produksjonar må derfor ettersendast i 4 komplette sett (papirformat) innan ei veke etter søknadsfristen. Merk oversendinga med ref. nr (10/621). Søkjarane er sjølve ansvarlege for at dei innsende kopiane er komplette. Søknadspapira blir returnerte når saka er avslutta. Papira skal sendast til Høgskolen i Telemark, Avdeling for allmennvitskaplege fag, Hallvard Eikas plass, 3800 Bø i Telemark.